top of page
kafe.jpg

Stardalen Sommarkafe ligg i vakre Stardalen. Ein koseleg kafe med barnevennleg uteområde.

 

Vi har stor fokus på heimelaga mat og kaker, og vi gjere vårt beste for å oppfylle kunden sine ynskjer.

Om sommaren er kafeen open kvar dag frå midten av juni til midten av august. Då er det ala carte-meny. Søndagar har vi middagsbuffe og heimelaga kaker. Elles gjennom året har vi ope onsdagar og søndagar.

 

 

Vi tek imot alle typar arrangement, t.d. møter, bursdag, barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, og minnestund. I kafeen er det sitjeplassar til ca. 60 personar, men ved arrangement kan det utvidast til ca. 80. Ved store arrangement kan vi dekke både i kafeen og på loftet, då har vi plass til ca. 150.

Vi tek og imot bestilling på catering heile året. Vi leverer t.d. koldtbord, tapas, supper, gryter, snittar/rundstykker, kaker, julekaker osv. Alt etter ynskje.

I andre etasje har vi møterom med plass til 30-40 personar. Møterommet inneheld prosjektor, skjerm og flip-over. Ved møter er det mulighet for servering av lunsj (må bestillast på førehand).

bottom of page